Avreise Tennebø 5.mars 18

Avreise Tennebø 5.mars 18 Foto: Bjarne Husevåg

Skulebas på langtur til Lofoten.

Vi kunne gjerne starta denne saka med «En ekte Lofottorsk jeg er…», men det var Reine i staden for Henningsvær som vart base for Skulebas.

Det er fyrste gongen sidan Skulebas vart teken i bruk som opplæringsfartøy for Måløy Vidaregåande Skule, at ein har reist til Lofoten for å fangste skulekvota på torsk.

Måndag 5.mars la båten frå kai og sette kursen fyrst for Bodø, sidan Reine i Lofoten kor dei skulle ha base og hadde ordna med levering av fangsten.

Turen langs kysten tok 3 dagar med stopp i Rørvik og Bodø. I Bodø fekk dei godkjenning av Veritas for den vidare ferda over Vestfjorden til Reine, og fangsting på austsida av Lofoten.

 

Bursdagsfeiring ombord

 

 

 

 

 

Fyrste garnsete vart gjort på fredag ettermiddag, med draging på laurdag morning. Fangstinga var jamt god, og ein nytta berre halvparten av garnlenkjene ved fisket. Dette gjorde at ein kunne drage 2 lenkjer, og setje to lenker umiddelbart då det var trangt om plassen på fiskefelta. Etter sigande så trangt om plassen at om nokon fall over bord, så var det fare for at dei landa på dekk på ein anna båt i staden for i sjøen.

 

 

 

Som regel gjekk Skulebas ut på feltet i 5 – 6 tida om morningen og var attende på Reine  i leveringskø rundt middagstider. Køordninga gjer at leveringstida kan variere, men god forpleiing gjorde at ingen klaga. Tida til og frå vart brukt til klargjering av fangst og neste dags garnset.

 

 

Fangstinga var så god at onsdag middag kom beskjeda om at skulekvota var fiska, og at dei no starta på heimturen. Elevane har stortrivdes på turen, veiret har vore fantastisk og det har vore ei oppleving å få være med på dette. Det har tydelegvis heller ikkje vore fritidsproblem om bord. Det har ikkje vore rapportert noko problem med korkje elevar eller andre ombord, men at Skulebas dreg på åra gjorde at nokre problem oppstod med m.a. vinsjen og spelet om bord.

 

 

 

 

 

Skulebas er venta å komme til Bodø seint onsdag ettermiddag, og vil bruke litt tid på heimvegen. Båt og bruk skal gjerast klar slik at når ein kjem heim, er det berre å ta med seg snippveska og forlate skuta for denne gang.

 

 

 

Det er mange augneblinkar som skulle vore omtalte, men vi får nøye oss med nokre smakebitar frå bileta som har vore sendt heim:

       

                     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

   

 

Då er siste fisken levert og «gutan» kan setje kursen heimover.

 

Det som ikkje har vorte nemt er naturopplevinga dei har fått oppleve. Her er nokre glimt:

 

 

 

Kven har sagt at den siste Viking er fødd ?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ei stor takk til Bjarne Ramsevik og Arvid Eliassen for å ha delt desse bilda med oss.

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut