Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Restaurant- og matfag
Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag

Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthold og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg.

Vi har eit kreativt læringsmiljø med høgt fagleg fokus og god trivsel. Her kan du finne ditt framtidsyrke med fagleg styrke. Når du vel utdanningsprogrammet restaurant- og matfag får du ei allsidig utdanning som kan brukast over heile verda. Du utdannar deg til å kunne arbeide i kreative, spennande og internasjonale miljø. Du bør like å arbeide med mat og vere positivt innstilt til arbeid i eit serviceyrke.

Les meir om Restaurant og matfag og mogelegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no Restaurant og matfag

På Måløy vidaregåande skule har vi lange fagtradisjonar og dyktige, engasjerte lærarar som legg vekt på at elevane skal bli gode fagarbeidarar. Restaurant- og matfag på Måløy vidaregåande skule har gode praksislokale med godt utstyr. Vi har eit nært samarbeid med lokale serveringsbedrifter, og har jamleg besøk av kokkar i norgeseliten som har vore tidlegare elevar ved skulen.
Elevane driv Ungdomsbedrift både på VG1 og VG2.

Restaurant- og matfag er eit yrkesfag, og Måløy vidaregåande skule tilbyr desse kursa:

  • Vg1 Resturant- og matfag
  • Vg2 Kokk- og servitørfag

Viktig å tenkje på:
Du bør ha lyst til å halde på med mat, like å kommunisere med andre menneske, både skriftleg og munnleg. Tåle å vise fram produkta dine for andre og få tilbakemelding av kunden. Du kan både arbeide sjølvstendig og saman med andre, du er målretta og har eit ryddig forhold til tidsfristar.

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker