Måløy vidaregåande skule
Oppdressa og klar til å gå inn i produksjonen

Oppdressa og klar til å gå inn i produksjonen Iren Hammersvik

Restaurant- og matfag på bedriftsbesøk.

Onsdag var Restaurant- og matfag ved Måløy Vidaregåande Skule på bedriftsbesøk hos Nordfjord Kjøtt i Loen.

Der fekk dei omvising i bedrifta, og dei fekk sjå på nedskjering og pakking av råvarer og ferdig produkt.

Nordfjord Kjøtt er stadig på jakt etter lærlingar i sin produksjon, og med den faglege bakgrunnen våre elevar har tileigna seg gjennom dei to åra hos oss. så vart det ein del samtaler rundt dette temaet der det og kom fram at våre elevar er ettertrakta innan dette fagområdet.

Etter besøket hos Nordfjord Kjøtt, gjekk turen vidare med Loen Skylift til Hoven Restaurant. På Hoven spiste dei lunsj og let seg imponere over den fantastiske utsikta før kursen vart sett heimover.

 

 

Slik ser Loen ut i fugleperspektiv.

 

 

 

 

 

 

 

Kan hende er dette den luftigaste lunsjen desse elevane har hatt i år.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Takk for eit flott skuleår med mange flotte opplevingar.

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut