Markørane frå VG2 Fiske og fangst

Markørane frå VG2 Fiske og fangst Foto: Bjarne Husevåg

Redningsøving på Skavøypollen

Sikkerhetssenteret i Måløy (SIM) og redningshelikopteret i Florø gjennomførde ei felles redningsøving på Skavøypollen.

Redningshelikopteret kom innover Skavøypollen og plukka opp 6 personar frå ein redningsflåte. Markørane var elevar ved VG2 Fiske og fangst. Det heile var over i løpet av 10 minutt, eit godt eksempel på kor effektiv den tenesta som redningshelikopteret leverer er. For oss som lever langs kysten og nyttar kyststrekning i og rundt Stadthavet til arbeid og fritid, viser dette kor viktig denne tenesta er om uhellet skulle være ute. Flytida frå Florø er om lag 15 min, og på denne tida kan dei være på plass langs om lag 80 % av kyststrekninga i Sogn og Fjordane.

No er ikkje redningshelikopteret avgrensa til oppdrag berre på sjøen, mange av oppdraga går ut på å hente skadde ut frå fjellheimen og har såleis blitt ein viktig del av redningstenesta også til lands. Helikopteret vert dessutan brukt til ambulanseoppdrag når Luftambulansen anten er oppteken i andre oppdrag, eller ikkje kan utføre oppdrag p.g.a. veirforholda. Helikoptera frå CHC Helikopter Service er av allværstypen og utrusta med nattkapasitet og avisingsutstyr, det siste hadde ikkje forsvarets Sea King helikopter.

Helikopteret som er stasjonert i Florø er av typen AS332L/L1 Super Puma. Dette skal etter plana operere basen i Florø inntil dei nye AW101-helikoptera til 330.skvadronen skal være på plass i 2020.

Øvingar, som den som var på tysdag, kan komme til å bli eit vanleg syn her i området då CNC Helikopter Service og SIM har inngått ei avtale om samarbeid rundt slike øvingar.

Her er nokre fleire bilder:

Tips ein ven Skriv ut