Måløy vidaregåande skule
Oppdekking for dei kongelege

Oppdekking for dei kongelege Foto: Bente Iren Vonheim

Opninga av Måløyraid senteret.

Skuleåret var ikkje meir enn nokre dagar gamalt før elevane på Restaurant og matfag var i elden med oppdekking og servering av dei kongelege gjestane.

Elevane frå Vg1 og Vg2 hadde to oppdrag ved opninga av Måløyraid senteret. Dei lage 900 canapear som blei servert til dei frammøtte, i tillegg til å dekke borda og servere lunsj til dei inviterte gjestane. At stemninga var til å både ta og føle på seier seg sjølv. Det er ikkje mange 16 og 17 åringar som vert vist eit så stort ansvar og får så mange godord om innsatsen sin som desse elevane fekk. Det var faglærarane Monica Iren Lexau, Bente Iren Vonheim og Iren Hammersvik som leia arbeidet til elevane.

Dei andre som møtte fram og deltok i opninga, fekk og smake på det som var laga i stand av canapear. Det var laga til langbord på torget der dei frammøtte kunne få smake på maten som vart servert. Maten til elevane, som dei samarbeidde med Coast Seafood og Domstein om å lage til, vart svært godt teken i mot. Og det vrimla rundt  langbordet på Torget, samstundes som dei kongeleg og andre invitert fekk servert lunsj i teltet.

Her er fleire bilete. Alle foto: Bente Iren Vonheim.