Offisiell opning ved fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes

Offisiell opning ved fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes Foto: Bjarne Husevåg

Opning av maskinromssimulator

Fagskulen i Sogn og Fjordane, Maritim avdeling Måløy, hadde i dag offisiell opning av den nye maskinromssimulatoren.  Snorklippinga vart gjort av fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes.

Satsinga til om lag 3 millionar har gitt Fagskulen ein av landets største og mest moderne maskinromssimulatorar i fagskulesamanheng. Simulatoren er bygd opp slik at det er ingen avgrensing ved teknologiske framsteg, og den kan simulere alt frå konvensjonelle anlegg til batteri-, hybrid- og hydrogenanlegg for alle typar og storleikar på fartøy.

Inviterte gjestar frå politikk, rederi, opplæringskontor, leverandørar og entreprenørar heldt helsingstaler, og alle understreka betydinga av kva denne investeringa vil ha å sei for framtidige maskinoffiserar både lokalt og regionalt.

Rektor Reidar Grønli sa i si takketale at han på vegne av fagskulen var både stolt og glad for at dette tilbodet no var på plass. Han takka dei som hadde utførd arbeidet med ombygginga og såg fram til eit nært samarbeid med både Måløy Vidaregåande Skule, Sikkerhetssenteret i Måløy og andre som kan ha nytte av å bruke simulatoren. Han nytta samstundes høve til å takke spesielt tre personar ved avdeling Måløy, Avdelingsleiar Lars Berle, IKT ansvarleg Kenneth Førde og Lærar Isak Stensaker for den innsatsen og alle dei timane dei har lagt ned for å realisere denne maskinromssimulatoren.

 

 

 

Avdelingsleiar Lars Berle

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nestleiar i hovudutvalet for opplæring

Alfred Bjørlo

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Formannskapsmedlem i Vågsøy Kommune

Edvard Iversen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rektor ved Måløy Vidaregåande Skule

Åsta Navelsaker Røed

 

 

 

 

 

 

 

 

Rektor ved Fagskulen i Sogn og Fjordane

Reidar Grønli

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Representantar frå entreprenørane UNU og Sætren Installasjon

 

 

 

 

 

Det var mykje folk samla til opninga

Avdelingsleiar Helge Hjertenes ved Måløy Vidaregåande Skule, Alfred Bjørlo, Åshild Kjelsnes og rektor Reidar Grønli ved Fagskulen.