Måløy vidaregåande skule
Varm mat i kantina

Varm mat i kantina Foto: Alf Reidar Myrstad

Open Skule hausten 2017

Elevane i 2 STA har fått ansvar for gjennomføring av Open Skule arrangementet.

Torsdag startar vi opp med open skule. I veka 37  og framover vil det bli tilbod om open skule måndagar og torsdagar. Elevane i Vg2 studiespesialiserande har bestemt seg for å  starte opp ei elevbedrift i sosialt entreprenørskap, og dei vil få ansvaret for mattilbodet og aktivitetane på open skule. I tillegg vert det satsa på lærarstyrte tilbod i faga Teknologi og Forskningslære, og på Open bilverkstad enkelte kveldar og veker utover hausten.

Elevbedrifta vil marknadsføre tilbodet og det vil kome meir utfyllande informasjon i løpet av dei komande vekene.

Tips ein ven Skriv ut