Måløy vidaregåande skule
Jon Rognlien

Jon Rognlien Foto: DKS

Omsettarverkstad for 3 YSK og 3 STA

Tenkjer vi eigentleg over kva som skjer når eit meiningsinnhald blir overført frå eit språk til eit anna? Tysdag og onsdag denne veka skal elevane i 3 YSK og 3 STA ha verkstad med omsetjar Jon Rognlien.

Med utgangspunkt i TV- serien «Big Bang Theory» skal elevane lage eiga omsetjing og finne eigne løysingar. Dei får drøfte kulturskilnadar i banning på norsk og engelsk, lære om dei fyrste omsetjingane av Bibelen og Koranen, og diskutere grunnleggjande spørsmål knytte til språk.

Omsetjing og omsetjingsfeil
Vi les stadig omsette tekstar, på nettsider, i aviser og i rettleiingar. Vi les tekstingar i filmar og TV-seriar og ikkje minst les vi omsette tekstar i litteraturen. Men er vi bevisste på kva som kan skje i overgangen frå eitt språk til eit anna? Kulturhistoria viser oss ei rekkje døme på omsetjingsfeil som har fått stor betyding, og som understrekar at ei omsetjing aldri kan vere objektiv: dei er utførte av menneske med eigen personlegdom, med eigne tankar og verdiar.

I verkstaden tek Rognlien opp mellom anna desse spørsmåla. Innsikt i omsetjing kan vere interessant, nyttig og inspirerande i mange fag  – norsk og framandspråk, samfunnsfag, mediefag, musikk og drama.

Vel  møtt til verkstad og språklege forvandlingar!

Les meir

Tips ein ven Skriv ut