Måløy vidaregåande skule
Måløy Vidaregåande Skule

Måløy Vidaregåande Skule Foto: Atle Råsberg

Ombygging/rehabilitering ved Måløy Vidaregåande Skule.

I samband med ei større ombygging og rehabilitering av skulen, vil elevane frå hausten 2018 måtte leve i «utlendigheit» fram til hausten/vinteren 2019/2020.

Siste delen av forrige skuleår vart brukt til flytting av elevar og undervisingsutstyr til modulskulen som står att etter at Vågsøy Ungdomsskule vart teken i bruk. Vidare har ein fått på plass avtaler om praksisundervising hjå det lokale næringslivet for å avhjelpe verkstadsmangelen som ei slik ombygging/rehabilitering skaper.

B-fløyen, som vart teken i bruk i hausten 1975, og C-fløyen som vart teken i bruk hausten 1986, er no overmodne for rehabilitering. Læreplanar og krav til arbeidsmiljø for både elevar og tilsette har endra seg, undervisingstilbodet har endra seg, undervisingsmetodane har endra seg, samt at gjennom diverse moderniseringar og midlertidige tilpassingar som er gjort opp gjennom åra, så er bygningane begynt å bli eit vedlikehaldsmessig mareritt.

Bygg- og eigedomsavdelinga i Fylkeskommuna har dei siste åra jobba med planlegging av denne ombygginga, og tilsette, elevar og administrasjonen ved skulen har fått kome med innspel og endringsforslag for å få eit best mogeleg teneleg bygg.

Kva skal så gjerast?

I B-fløya som skal huse Byggavdelinga, Køyretøyavdelinga og det nye tilbodet innan Plast og Kompositt, omfattar arbeidet skilje mellom reine og ureine sonar i samband med verkstadane, nye garderobar for gutar, jenter og tilsette og klasserom tilpassa verkstadsdrifta. I tillegg vert det bygd nytt inngangsparti mot Nordfjordhallen med myldrerom for elevane og inngang til garderobane. Også dei tekniske anlegga innan varme, ventilasjon og elektriske installasjonar skal gjennom ombygging og oppgradering. I tillegg skal det innreiast ein ny verkstad for Plast og Komposittfaget. Denne fløya reknar ein med skal stå ferdig i mars/april 2019.

I C-fløya er det meir omfattande arbeid som skal gjennomførast. Fyrst og fremst skal det «ryddast» opp i dei indre trafikkområda ved at det vert laga til ein ny gjennomgåande korridor i 1.etasje, Det vert nye trapperom både mot Nordfjordhallen og Riksvegen, og det vert utvendig skjerming av desse to inngangane, det skal installerast personheis mellom 1. og 2. etasje, det vert ein ny inngang mot vest til garasjane og den nye parkeringa for tilsette og elevar. Det vert eit nytt påbygg i 2. etasje mot riksvegen med nye arbeidsplassar for tilsette, i 2.etasje får klasseromma ny inndeling og det vert lagt opp til fleire grupperom og myldrerom for elevane langs korridoren. I 1.etasje vert biblioteket og naturfagromma flytta og oppgradert, det vert laga til garderobe for tilsette, nye og/eller omarbeidde garderobar for elevane i tilknyting til verkstadane, eit par nye klasserom, nye grupperom, utviding av sveisehall og materialrom. Det skal byggast nytt ventilasjonsrom på taket og ny kanalføring i bygget. Dessutan må det elektriske anlegget skiftast og installasjonen oppgradersat, og varmeanlegget i bygget vert oppgradert. Denne delen reknar ein med skal stå klar til jul 2019.

Den mest omfattande rehabiliteringa vil være innandørs i bygga. Utandørs vil ein i fyrste omgang flytte vegen på vestside av C-fløy litt lengre mot vest slik at trafikken ikkje kjem heilt inn mot ytterveggen slik som i dag. Som ein opsjon er det søkt om endring av trafikkmønsteret mot riksvegen ved at det skal lagast eit meir markert skille mellom busstrafikk og areal for av- og på-stigning.  

Det er sett av ei samla løyving på 88 millionar kr til ombygginga, og ein forventar oppstart i løpet av august månad 2018. Om alt går etter dei reviderte planane, vil skulen verte overlevert til prøvedrift i november 2019. «Prøvedrift» inneber at skulen vert teken i vanleg bruk, men at dei tekniske anlegga ikkje vert formelt overtekne før dei er testa og godkjent i normal drift/undervisningssituasjon.

Hovudentreprenøren for rehabiliteringa er Veidekke. I tillegg vil dei nytte seg av ei rekke underentreprenørar frå distriktet.'

Korleis ser arkitekten for seg at dette vil sjå ut til slutt?

Utvendig etter ombygginga, sett frå riksvegen Illustrasjonsbilde: Arkitektkontoret A38.

Utvendig etter ombygginga, sett frå Nordfjordhallen. Illustrasjonsbilde: Arkitektkontoret A38.

 

Planløysing 1.etg B og C-fløya. Illustrasjonsbilde: Arkitektkontoret A38.