Måløy vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Naturbruk
Solnedgang

Solnedgang

Naturbruk

Dette er studieretninga for deg som vil satse på eit yrke innan fiskerisektoren. Om du likar spenning, praktisk arbeid og fangst, så er sjansen stor for at det bur ein fiskar i deg. Dette yrket er knytt til fangsting av fisk, tilarbeiding av råvarene, drift, tenesteyting og forvaltning av ressursar. Du som søker deg til Naturbruk er glad i natur og friluftsliv, og du ønskjer ei utdanning innan fiske og fangst eller oppdrett av fisk og skalldyr (Akvakultur).

Måløy Vidaregåande Skule kan tilby desse kursa:

  • VG1 Naturbruk
  • VG2 Fiske og Fangst
  • VG2 Akvakultur

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 2-5 år. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet. Etter bestått fagbrev kan du ta vidare utdanning ved fagskule. Fagskulen i Sogn og Fjordane, Maritim avdeling, er samlokalisert med Måløy Vidaregåande Skule og Sikkerheitssenteret i Måløy.

Les meir om Naturbruk og mogelegheitene for yrkesvegar og vidare utdanning på Sett sjøbein, Naturbruk

Kvifor velje dette faget:
Naturbruk gir innføring i ei av Noregs største og viktigaste næringar – sjømatnæringa. Det handlar om noko så sentralt som å skaffe trygg og sunn mat gjennom bærekraftig oppdrett og hausting av havets ressursar.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

John Heimvik
john.heimvik@sfj.no
415 30 834