Laboratoriet er gjort klart

Laboratoriet er gjort klart Foto: Cecilie Bredesen Hamre

Learning by doing

Korleis kan framtidas helsearbeidarar få kunnskap om dei indre organa i menneskekroppen? Ein av metodane er disseksjon av daude dyr.

Førre veke fekk ei gruppe elevar prøve seg på disseksjon av grisungar. Grisen sin anatomi er ganske lik menneskets, og difor godt eigna å bruke til slike forsøk. Både biologielevar i 2STA og 3STA, og elevar i 1YSK- og 2YSK-helse deltok.

Disseksjon av eit heilt dyr er både spanande og nervepirrande. Nokre av elevane var mest komfortable med å observere og gjere notatar, medan andre var mest ivrige på å klippe og skjere, og inspisere dei ulike organa.

Elevane undersøkte både organa i bukhola og brysthola, og prøvde til og med å blåse luft i lungene for å sjå korleis respirasjonen fungerte. Ein dag litt utanom det vanlege J

Til informasjon: Grisungar har ein dødelegheit på 5-15 %. Dei grisungane vi brukte til forsøk har alle døydd av naturlege årsaker.

Alle bileter: Cecilie Bredesen Hamre

 

 

 

 

 

 

 

 

Lærar Anne viser og forklarar for ivrige elevar. Amalie tek bilete til rapporten som skal skrivast i etterkant av disseksjonen.

 

 

 

 

 

 

 

 

Ramonette og lærar Anne samarbeider om å opne brysthola. No kan dei sjå nærmare på både hjartet og respirasjonssystemet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Thea bles luft i lungene til grisen ved hjelp av eit plastrør. Medan ho bles kan ho sjå at lungene utvidar seg, og ho får moglegheit til å undersøke lungelappane i lungene.

 

 

 

 

 

 

 

Slik ser eit grisehjarte ut. Ikkje så ulikt eit menneskehjarte

Tips ein ven Skriv ut