Måløy vidaregåande skule
Det spørs om ikkje han her karen har svinga med staven...

Det spørs om ikkje han her karen har svinga med staven... Foto: Bjarne Husevåg

Julenissen har krasjlanda ved Måløy Vidaregåande Skule.

Tysdag denne veka løyvde Fylkestinget midlar til nytt opplæringsfartøy. Under godkjenninga av budsjettet og økonomiplanen på onsdag vart det lagt inn ein investeringspost på totalt 64,5 million til rehabilitering av dei resterande fløyane ved Måløy Vidaregåande Skule.

I det samla økonomi- og finansieringsprogrammet for bygg er det avsett 9,5 million kroner i 2019, 30 million kroner i 2020  og 25 million til ferdigstilling i 2021. Bygg og eigedomsavdelinga saman med leiargruppa ved Måløy Vidaregåande vil no ferdigstille planane for rehabilitering av bygga. Rehabiliteringa skal mellom anna legge til rette for det framtidige tilbodet ved skulen både undervisnings messig og administrativt.

Det vart samstundes løyvt 15 million kroner til Måløy Marine Ressurssenter (MMR) som vil bli ein viktig samarbeidspart for Måløy Vidaregåande Skule. Avhengig av kva rolle skulen skal ha i dette samarbeidet, vil dette samarbeidet være eit moment i det vidare arbeidet med utarbeiding av planane for rehabiliteringa.

Både leiinga og dei tilsette set utruleg stor pris på at Fylkestinget verdset det tilbodet Måløy Vidaregåande Skule har opparbeidd, og legg til rette for vidare utvikling av skulen.

At «Jula varer heilt til påske» viser seg å være ei sanning i dag.

Tips ein ven Skriv ut