Måløy vidaregåande skule
Leiar i Ungdomsrådet, Amila Adzemovic, nestleiar Tobias Aarvik og ordførar Kristin Maurstad

Leiar i Ungdomsrådet, Amila Adzemovic, nestleiar Tobias Aarvik og ordførar Kristin Maurstad Foto: Bjarne Husevåg

Informasjonsmøte om Kinn kommune.

Torsdag i planleggingstimen inviterte Ungdomsrådet I Vågsøy og Vågsøy Kommune til informasjonsmøte i Samfunnshallen.

Både NEI og JA sida stilte med representantar, og det var lagt opp til at elevane kunne få stille spørsmål til begge sider.

Om lag 80 elevar og tilsette nytta høvet til å få informasjon.

Møtet vart opna av nestleiar i Ungdomsrådet Tobias Aarvik.

Informasjon om avrøystinga vart gitt av Linda Larsen frå Vågsøy Kommune.

Frå NEI sida informerte Geir Oldeide, og frå JA sida informerte Tove Lill Refvik Volle.

Etter informasjonsmøtet nytta mange elevar høve til førehandsrøysting i kantina.

 

Tips ein ven Skriv ut