Middag på Open skule

Middag på Open skule Foto: Alf Reidar Myrstad

Informasjon til elevar og foreldre om skulemiljø

Skulane er pålagd å informere elevar og foreldre om rettigheiter om skulemiljø.

Nytt regelverk –nulltoleranse mot mobbing

Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø. Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremmar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande.

Skulen skal sørgje for at elevane har det trygt og godt på skulen

Alle som jobbar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra. Dersom ein vaksen veit om – eller trur – at ein elev blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltid

gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong, dersom det er mogleg

seie frå til rektor

undersøkje det som har skjedd

Rektor har ansvar for å lage ein plan og setje inn tiltak for at eleven igjen får det trygt og godt på skulen. Dette blir kalla for skulens aktivitetsplikt.

Kva dersom ein elev blir mobba av ein tilsett på skulen?

Dersom ein elev opplever å bli mobba eller krenkt av ein lærar eller andre som jobbar på skulen, har skulen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka. Rektor skal da varsle skuleeigaren, som vil følgje opp saka vidare.

Melde saka til Fylkesmannen

Dersom du eller barnet ditt meiner at skulen ikkje har gjort nok for å stoppe krenkingar, kan du melde saka til Fylkesmannen.

Først må du ha teke opp saka med rektor på skulen

Det må ha gått minst ei veke frå du tok opp saka med rektor

Saka må gjelde skulemiljøet på den skulen eleven går på no

Er det helt spesielle tilfelle, kan du uansett ta kontakt med Fylkesmannen. Du må ta kontakt med Fylkesmannen i det fylket du bur.

Kva kan Fylkesmannen gjere?

Dersom Fylkesmannen meiner at skulen ikkje har gjort det dei skal, kan dei bestemme kva skulen skal gjere for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Fylkesmannen skal setje ein frist for når tiltaka skal gjennomførast og følgje opp saka. Dei kan òg gi bøter dersom skulane ikkje følgjer opp.

Informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettar

På www.nullmobbing.no finn du informasjon om kva rettar elevar og foreldre har, og kva ein kan gjere dersom ein elev opplever mobbing.

Tips ein ven Skriv ut