Måløy vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Helse- og oppvekstfag
Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag

Helse og Oppvekstfag

Du som vel Helse- og oppvekstfag, må kunne bry deg om og like å jobbe med mennesker. Du bør og ha gode evner til å snakke og samhandle med andre for å kunne arbeide med mennesker i ulike situasjonar.

 

Utdanningsprogrammet fører fram til yrker der eigne haldningar, kunnskap om helsefremjande arbeid, arbeidsmiljø og kulturforskjellar er viktige. Det vert stilt krav til ei heilskapleg tenking og god evne til tverrfagleg samarbeid.

Ved Måløy vidaregåande skule har vi desse tilboda innanfor programområdet:

  • VG1 Helse og oppvekstfag
  • VG2 Barne og ungdomsarbeidar

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 2-5 år. Du kan og ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet. Fagskulane tilbyr eit omfattande etterutdanningsprogram for dei som har fagbrev.

Kvifor velje dette faget?
Først og fremst er dette fag kor du får jobbe og kommunisere med menneske. Faga er underlagt norske og internasjonale lover og krav. Fleire av yrka har krav om offentleg autorisasjon, lisens eller politiattest. Det betyr at du etter ferdig utdanning må søke om godkjenning for å kunne jobbe innafor yrket du har teke utdanning i. Autorisasjonen viser at du har den faglege og formelle kompetansen som krevst for di helsefaglege utdanning. Om du vil jobbe innan Barne- og ungdomsarbeidarfaget vert det kravd politiattest ved tilsetjing.

Andre yrker i utdanningsprogrammet for Helse- og oppvekstfag krev autorisasjon:

  • Ambulansearbeider
  • Apotektekniker
  • Fotterapeut
  • Helsefagarbeider
  • Helsesekretær
  • Tannhelsesekretær

Med fagarbeidarutdanning og autorisasjon vil du difor framstå som attraktiv og med store arbeidsmoglegheiter i alle kommunar i heile landet.

Les meir om helse- og oppvekst og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no Helse og oppvekstfag

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Grethe Midtvik
grethe.midtvik@sfj.no
57 63 78 73

Relaterte lenker