"Skulebas" - skulen sitt opplæringsfartøy
I 2002 investerte skulen i nytt opplæringsfartøy. Fartøyet er ein fiskebåt som er 34,35 meter lang og 7,52 meter brei. Den har lugarplass til 16 personar, og vart ombygd i 1994. Båten er rigga for garn og line, og har ein frysekapasitet på 9 tonn i døgnet (2 platefrysarar).
Alle dei maritime klassane på skulen nyttar båten i løpet av skuleåret. Klassane nyttar Skulebas frå eit par dagar til fleire veker. Til dømes vert den brukt til:
· Navigasjon (Fiske- og fangst), Sjøfartsf ag, Teknisk fagskule - fordjuping i nautisk)
· Køyring av maskin og maskinvedlikehald (Skipsteknisk drift, Teknisk fagskule -fordjuping i skipsteknisk drift)
· Fiskeri, garn og line (Naturbruk, Fiske- og fangst)
· Vedlikehald (Sjøfartsfag, Naturbruk, Fiske- og fangst)
· Marinbiologiske undersøkingar (Akvakultur)
· Opplæring som stuert i byssa (Hotell- og næringsmiddel)
Båten blir og nytta til å ta opp fisk som vert vidareforedla på land av elevar som går GK hotell- og næringsmiddel og VK1 mat. |