Elevar, utsendt frå Måløy vidaregåande skule, har vore i Frankrike, Ungarn, Skottland, Tsjekkia og Tyskland. Internasjonalisering og samarbeid med skular i andre land skapar gode relasjonar mellom elevar og lærarar. Skulen har vore flink til å søkje eksterne midlar til ymse prosjekt, og vi har motteke støtte frå program som Leonardo da Vinci, Comenius, Linking Up, Troll og Ung i Sogn og Fjordane. MVS fekk i 2003 ein pris for sitt internasjonale prosjektarbeid. Det kan du lese meir om her.
 |