Startside   Opplæringsavdelinga   Biblioteket  Webklasserom  SkoleArena   


Startside
Ledige stillingar
Opplæringstilbod vgs
Om skulen
Utstyr
Opplæringsfartøy
Skuleleiinga
Tilsette
Rådgjevarar
Skuleområdet
Hybelformidling
Visjon
Pedagogisk plattform
Elevtilbod
Skuleåret
Undervisning
Kurstilbod
Internasjonalt
Lenker
Opplæring for vaksne
SIKKERHEITSSENTERET I MÅLØY
MARITIM FAGSKULE



Pedagogisk plattform

Handavtrykk
Som elev/student på "MVS skuta"vil du aktivt delta i eit inkluderande, framtidsretta skulesamfunn.

Som "mannskap om bord" vil du bli stilt krav til. Du vil møte daglege utfordringar, der du sjølv må ta ansvar. Vi vektlegg ei meiningsfull og opplevingsorientert opplæring.

Det skal vere rom for den nødvendige fridomen til å utvikle kreativitet og sjølvstende. Du vil oppleve skulen som både grensesetjande og grensesprengjande. MVS har alltid hatt uvanleg høg trivselsprosent, god trivsel er sjølve fundamentet for positiv vekst og utvikling.

Når du som elev/student "mønstrar av MVS skuta", skal din nye kunnskap, din dugleik og dine haldningar, samla gje ein heilskapleg kompetanse til beste for deg sjølv og samfunnet. Velkommen ombord!

Det ligg svært mykje av vår pedagogiske plattform i desse orda
- din vekst er vår felles utfordring!

Prosessen mot ein felles pedagogisk plattformTida set sine spor i steinen

MVS har hatt ein engasjerande, ryddig og grundig prosess i arbeidet med visjon og pedagogisk plattform. Den er godt forankra i kollegiet, i opplæringslova og læreplanane.

Visjon og pedagogisk plattform skal vere eit aktivt styringsdokument - som alle tilsette ved MVS arbeider etter.

Eleven skal stå i sentrum for all vår aktivitet. I vår pedagogiske plattform er difor desse orda fundamentale bærebjelkar i læreprosessen:

miljø
tryggleik
trivsel

Vidare er den viktigaste av alle pedagogiske oppgåver:

Å formidle trua på at den enkelte er i stadig utvikling.

Ved MVS skal vi vere bevisste og reflekterande over eigne verdiar og eige læringssyn, som igjen ligg til grunn for vår pedagogikk og våre metodeval i læreprosessen.

Våre verdiar
Det er viktig å vere bevisst eigne verdiar - det er våre verdiar som styrer våre handlingar. Vårt felles verdigrunnlag skal vektlegge likeverd og gjensidig respekt, omsorg, toleranse og inkludering. Desse verdiane skal vere grunnleggjande i vår aktivitet.

Pedagogikk, læringssyn og metodeval
Vårt læringssyn kan vere styrande for korleis elevane opplever skulekvardagen.

Læringsprosessen skal vere prega av individuell tilrettelegging, meistringsglede, motivasjon og ekte engasjement. Elevdeltaking og praktisk opplæring skal vektleggast då dette er avgjerande for all læring. Det er viktig å sjå heilskapen i eit opplæringstilbod og sjå utover snevre faggrenser - det er framtida etter skulen vi siktar oss inn mot. Trygghet, trivsel og motivasjon er viktige basisfaktorar i all læring.

Vårt metodeval skal vise at vi set elevane/enkelteleven i sentrum. Vi legg opp til elevdeltaking når det gjeld opplegg, og vi vil individrette opplæringa. Motivasjon, variasjon, progresjon og mestringsglede skal prege opplæringa. Vi vektlegg engasjement og positive opplevingar knytta til læreprosessen. Då er vi inne i "den positive sirkel" som i seg sjølv er berande i læreprosessen.

Utvikling - endringskomponenten
Å vere pedagog er å vere aktiv deltakar i spennande og dynamiske læringsprosessar. Vår pedagogikk skal ikkje vere statisk, men reflekterande og søkjande. Vi skal heile tida ta vare på det beste av det vi har i dag - samtidig som vi ser framover, og tek i bruk nytt utstyr og andre metodar for å nå måla i best mogleg grad. Den dynamiske endringskomponenten, vår evne til å møte utviklinga og nye utfordringar, skal heile tida løfte oss mot nye horisontar. MVS legg lista høgt, for alle tilsette og for enkelteleven. Vi er endringsvillige og tek nye utfordringar - målet er felles vekst og utvikling for oss alle!

nothing



Måløy vidaregåande skule - Tlf: 57 84 91 00 Faks: 57 84 91 01   ^ Toppen av sida