Startside   Opplæringsavdelinga   Biblioteket  Webklasserom  SkoleArena   


Startside
Ledige stillingar
Opplæringstilbod vgs
Om skulen
Elevtilbod
Skuleåret
Undervisning
Kurstilbod
Internasjonalt
Lenker
Opplæring for vaksne
SIKKERHEITSSENTERET I MÅLØY
MARITIM FAGSKULE



MVS gjennom nålauget til Det Norske Veritas

Sertifikat frå Det norske VeritasArbeidet med kvalitetssikring har vore ein kontinuerleg prosess dei siste åra, men det siste året har arbeidet vore intensivert, seier administrativ leiar Roar Lødøen.

Det Norske Veritas (DNV) har besøkt skulen to gonger i 2003 og revidert kvalitetssikringssystemet for opplæringa i maritime fag. Resultatet har skulen no fått i sertifikatet:

"Management System Certificate"

Utdanningane som leier til sertifikatet finn vi både på Teknisk fagskule og VK1 Fiske og fangst, og det er desse som er omfatta av godkjenninga frå Det Norske Veritas.


Maritime utdannings- og opplæringsinstitusjonar er pålagde å ha eit godkjent kvalitetssikringssystem i høve til nasjonale og internasjonale krav.  Sjøfartsdirektoratet har ansvaret for gjennomføring og oppfølging av krava i STCW-konvensjonen (International Convention of Standard of Training, Certification and Watchkeeping for Seafarers).

Måløy vidaregåande skule har tidlegare hatt eit KS-system for den maritime utdanninga, sist revidert av Sjøfartsdirektoratet i 1998.  Det nye systemet er no i samsvar med krava i  "Rules of Classification of  Maritime Academies".

Sertifikata vert reviderte årleg, med ein ekstern (DNV) og ein intern revisjon (MVS).

Intensjonen med KS-sytemet er at det etter kvart skal gjelde for alle studieretningane og på alle nivå.

nothing



Måløy vidaregåande skule - Tlf: 57 84 91 00 Faks: 57 84 91 01   ^ Toppen av sida