På førehand hadde dei laga til både mapper og namneskilt til alle deltakarane. Dei deltok også sjølv på heile konferansen.
Registrering og utdeling av mapper. Frå venstre Vera, Marita, Eili og Linn Vindkraftforum 2010 er ein næringslivskonferanse i regi av Vindkraftforum Sogn og Fjordane med deltakarar frå heile landet. Temaet for konferansen i år var "Vindkraft og muligheiter for næringsutvikling", og blant gjestane var m.a. Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen, fylkesordførar Nils R. Sandal, Åslaug Haga frå Norsk Industri, Sjur Bratland frå Statoil og Arvid Andenæs, banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane. For meir informasjon kan ein sjå her: www.vindkraftforum.no Under pausane var det mogleg  å treffe på kjendisar, og her ser vi Vera, Ivar, Johannes, Håkon, Elise og Eirin saman med Åslaug Haga. Foto: Linn Selstad Elevbedriftene på Kokk- og servitør og Restaurant og matfag stod for servering av tapas og dessert. 
Tekst og bilde: Helen Hjertaas |