Han held på med doktorgrad om kor viktig det er med fysisk aktivitet for god helse, med fokus på barn. Alle elevane på vidaregåande fekk ei times økt med han, der han la fram dokumentasjon på kva eit inaktivt liv kan gjere med helsa vår. Forsking frå USA gjennom 25 år viser svært negative helseeffekter ved inaktivitet og dårleg kosthald. Ein har dokumentert at i svært mange amerikanske delstatar er gjennomsnitts BMI for den vaksne delen av befolkninga over 30 (fedme). For å unngå dette må ein utøve fysisk aktivitet 1/2-1 time kvar dag, der ein blir lett sveitt. Snop og brus bør avgrensast til helgene, elles bør ein ete vanleg mat og få i seg ein god frukost. Dette er like mykje førebyggande helsearbeid som å slutte og røyke, pusse tennene eller bruke bilbelte. Resaland hadde også ei eiga økt med dei tilsette, og om kvelden var det eit ope møte i samarbeid med folkehelsekoordinatoren i Vågsøy kommune. Skavøypoll skule stilte med fleire tilsette og fortalde litt om korleis dei får til ekstra aktivitet om dagen for sine elevar. 

Tekst: Geda Boer og Stig Helge Johannessen Bilde: Geda Boer |