Alle skulens elevar var samla i Samfunnshallen til ei tretimarsøkt i regi av Nils-Petter Hauge og Hildegunn Støve frå fylkesavdelinga til LEVE. Dei heldt førelesing om korleis ein kan takle situasjonen som oppstår når nokon i familie eller venekrins vel å avslutte livet sjølv. Ramma rundt føremiddagen var veldig fin, med flott musikk ved Jørn Kvalheim og Kristoffer Refvik, og helsesøster Turid Blålid som informerte om hjelpetilbod i Vågsøy. Kva gjer vi når nokon seier oss at livet er vanskeleg, kven kan vi støtte oss til? Nils-Petter Hauge sa at ein person sjeldan vil dø, men at han/ho ikkje ser nokon moglegheit for å leve, slik situasjonen er der og då. Som ven, kollega eller nabo er det då viktig at vi bryr oss, og maktar å vere der for den personen. Men ein kan ikkje vere åleine om det! I ein slik situasjon må ein hente inn hjelp, t.d. frå ein lege, for det er viktig at personen får hjelp! Vi skal ikkje love å ikkje seie det til nokon, men heller få vite om kven vedkommande har tillitt til, og ta kontakt med den personen/instansen i lag.Dette gjeld ikkje berre ved sjølvmordstankar , men i alle dei vanskelige situasjonar/kriser vi kan komme opp i, og då er det viktig at vi bryr oss, at vi er ein ven i tjukt og tynt. Hildegunn Støve avslutta med følgjande dikt, skrive av …………… Livet er som ein skuledag,med sorg og glede som hovudfag. I gledens time er det best å vere,men i sorgens time har vi mest å lære.  
 
 
Tekst og bilde: Geda Boer |