Det var Måløy vidaregåande skule som fekk æra av å vere vertskap for denne samlinga, der 18 av 19 leiarar deltok. Målet med denne samlinga var å få tid til å drøfte pedagogiske saker som opptek alle. Det var innleiingar ved dei fire utviklingsleiarane, om emne som: Samarbeid skule-næringsliv/skule-kulturliv, Leiaransvar i utviklingarbeid og Tidstjuvar i skulen. Det vart mange gode diskusjonar, både i grupper og i plenum, og i oppsummeringa var samtlege deltakarar samde om at det hadde vore ein nyttin og interessant dag. Dette må gjentakast, og kanskje bør ein få til to slike samlingar årleg. Det vart også tid til omvising, m.a i ferjesimulatoren, og ein god lunsj servert og laga av Vg2 Kokk og servitør.  
 
 
Tekst og bilde: Stig Helge Johannessen |