Den raude tråden i framføringa var dei tre vise menn, i skikkelsane til Michael Jackson, Elvis Presley og Bob Marley, som måtte finne tak i gåver i form av gull, røykelse og myrra. Innimellom var det mykje musikk og dans og humor, og klassane visste å utnytte at det i år er mange musikalske krefter som går der. Vel blåst! Etterpå vart stolane kjapt rydda til sides, og det var gang rundt juletreet til akkompagnement av piano. Her følgjer ein del bilde frå førestillinga:  
 
 
 
 
Tekst og bilde: Stig Helge Johannessen |