Startside   Opplæringsavdelinga   Biblioteket  Webklasserom  SkoleArena   


Startside
Ledige stillingar
Opplæringstilbod vgs
Om skulen
Elevtilbod
Skuleåret
Undervisning
Kurstilbod
Internasjonalt
Lenker
Opplæring for vaksne
SIKKERHEITSSENTERET I MÅLØY
MARITIM FAGSKULE



Idrettsturnering

Frå 2. til og med 6. time var det full aktivitet i Nordfjordhallen. Det vart avvikla turnering i fotball og volleyball for jenter og gutar, og i tillegg var det dans i Samfunnshallen, der det deltok mange, i hovudsak jenter.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Turneringa gjekk heilt etter planen, og kroppsøvingslærarane Ola Hove og Liv Randi Myhre skal ha mykje ros for å ha hatt hovudansvaret for planlegging og gjennomføring. Vi reknar med det blir ny turnering om eit års tid.

Finalane i alle klassar vart spennande, det var lite som skilde laga. I jenter fotball vart resultatet mellom 3STA og 3PÅA 4-5 etter straffesparkkonkurranse, medan i finalen for gutar vann 3STA 1-0 over 2FFA/2AKA.

 

 

 

 

 

 

 

 

Jentene frå 3PÅA vann også ein spennande volleyballfinale mot 2STA, der resultatet vart 15-14. Gutane frå klasse 2MAA slo gutane frå 3STA knepent med 11-10. 

 

 

 

 

 

 

 

 

I tråd med retningslinjer for god folkehelse var premien til dei sigrande laga ei kasse klementinar .

 

Tekst og bilde: Stig Helge Johannessen

nothing



Måløy vidaregåande skule - Tlf: 57 84 91 00 Faks: 57 84 91 01   ^ Toppen av sida