Mobbeknapp 1024

Fylkeskommunen har sett i verk eit lågterskeltiltak mot mobbing

Det er nulltoleranse mot mobbing, vald og diskriminering i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. No er det enklare enn nokon gong å seie i frå, gjennom ein meldeknapp.

På nettsidene til alle dei vidaregåande skulane i fylket finn ein no meldeknappen, der ein med eit tastetrykk kan varsle om ein elev ikkje har det bra på skulen. Nulltoleransen gjeld krenkingar ein opplever sjølv eller ser at andre blir utsett for, som mobbing, vald, trakassering og diskriminering.

Låg terskel

Terskelen for å melde frå skal være så låg som mogleg, og vi håpar meldeknappen kan gjere det endå enklare for fleire å bidra. Vi vil at alle skal ha eit godt læremiljø! seier leiar i hovudutval for opplæring, Karianne Torvanger.

No kan det meldast frå kor tid som helst, og utan å måtte oppsøke eit kontor på skulen.

– For å kunne ta tak i mobbing, er vi avhengige av å vite om det! Mange ungdommar opplever nok at det ikkje er så lett å melde frå om vonde ting, enten ein vert mobba eller er utilpass sjølv, eller om ein ser at andre er plaga.

Helse, trivsel og læring

Fylkestinget gjorde vedtak om meldeknappen i april i år: «Det skal opprettast ein «mobbeknapp» på heimesida til alle dei vidaregåande skulane, som eit lågterskeltilbod for å melde frå om mobbing.»

Bakgrunnen er endringar i opplæringslova §9A, som gjer at skulane har eit større ansvar for å sikre alle elevar eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Rektor ved Måløy Vidaregåande Skule, Åsta Navelsaker Røed, er svært positiv til tiltaket som kan fremje eit positivt miljø.

– Alle meldingssaker vil bli følgt opp, seier rektor, og er spent på omfanget. – For mange kan det vere ein terskel å varsle gjennom å ringe eller oppsøke rektor direkte. Ved at alle no kan melde frå kor tid dei vil på døgnet, vil kanskje negative opplevingar på nettet og digital mobbing også komme fram, seier ho, som opplever at elevane bryr seg om kvarandre.

Også pårørande til elevane vert informert om meldeknappen. Når ein trykkjer på knappen, vil ein få fram eit skjema som må fyllast ut og så vert sendt til skuleleiinga. Det er berre skulen si leiing som får vite om meldinga, og all informasjonen vert handsama konfidensielt.

Tips ein ven Skriv ut