Måløy vidaregåande skule
Arrangørane av Framflyt 2018

Arrangørane av Framflyt 2018 Foto: Framflyt

Ei oppsummering etter Framflyt 2018

Framflyt 2018 er då vel gjennomførd, og besøkande og arrangørar er vel fornøgde.

I ei melding til heimesida oppsummerer arrangørane dagen slik:

Vi i Framflyt takkar for alt oppmøte og engasjement rundt konferansen vår. Framflyt 2018 blei vel gjennomført 18.01.18. Vi ynskjer å belyse det varierte og veksande næringslivet vi er så heldige å ha rundt oss. Dette hadde vi ikkje klart utan støtte frå alle sponsorane våre. Konferansen gjekk over all forventing og vi håper at alle sit igjen med gode opplevingar frå dagen.

Vi set stor pris på om dei som besøkte oss kan ta seg tid til å hjelpe oss å gjennomføre ei kjapp undersøking i samband med konferansen vår. Alle som deltar i undersøkinga er med i trekninga av en Shampo, balsam og drikkeflaske! (Hugs å skrive namn og alder! Svara dine blir sjølvsagt ikkje publisert).

Undersøkinga: https://app.easyquest.com/no/Page/7135d46b-c446-4e5f-bf7f-c449062f6ed3/first/d0d1b954-bcb3-4a36-8f8a-6e510a0badf5

Til slutt vil vi avslutte med ein liten oppsumeringsfilm som viser korleis dagen gjekk.

https://www.youtube.com/watch?v=REHCsBE6i4

Takk!

 

Vidare ønskjer arrangørane å heidre læraren Bente Olseth for den innsatsen ho bidreg med til arrangementet.

 

Kjære Bente Olseth

Vi i 3STA marknadsføring er utruleg takknemlege for all den innsatsen du legg i Framflyt og den hjelpa du har gjeve oss på veg til konferansen. Du er ein super lærar. Du engasjerer alle og du gir elevane god kunnskap i det å drive ei bedrift allereie i ung alder. Utan deg hadde vi aldri klart å gjennomføre denne konferansen. Vi vil derfor takke deg for all den kunnskapen du fører vidare til elevane dine, du er fenomenal i jobben din. Frå denne konferansen tar vi med oss lærdom vidare i arbeidslivet, som vil vere en stor fordel for oss. Det er absolutt ikkje utan grunn at du fekk julestjerna frå Fjordnes Tidende.

Vi takkar deg for alt du gjev oss, dine framtidige elevar er heldigehttps://www.facebook.com/images/emoji.php/v9/f6c/1/16/2764.png

 

 

 

Til slutt takkar arrangørane også for all den gode responsen dei har fått i ettertid.

Her er nokre fleire bilder fra dagen (alle foto Framflyt)