Varm mat i kantina

Varm mat i kantina Foto: Alf Reidar Myrstad

Det er tid for ny elevundersøking igjen.

Måløy Vidaregåande Skule skal gjennomføre den årlege elevundersøkinga i tidsrommet 29.10 – 30.11 2018.

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får seie si meining om læring og trivsel i skulen. Svara vert brukt av skulen, kommunane og staten for å gjere skulen betre. Undersøkinga er anonymisert, og det er frivillig for elevane å ta del i undersøkinga. Dei kan og hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på.

Spørsmål om følgjande tema er obligatoriske på hausten:

•Trivsel

•Motivasjon, arbeidsforhold og læring

•Heim-skule samarbeid

•Støtte frå lærar

•Vurdering for læring

•Medverknad

•Reglar på skulen

•Trygt miljø

•Rådgjeving

Kor og når kjem resultata?

I januar vert nasjonale og fylkesvise resultat publisert på finn forskning og rapporter på udir.no.

I mars vert resultata publisert på skoleporten.no. Her finner ein tal på nasjonalt nivå, fylkesnivå, kommunenivå og skulenivå, men kun for trinna undersøkinga er obligatorisk for: 7.trinn, 10. trinn og Vg1.

Her kan du lese Utdanningsdirektoratet sitt informasjonsbrev til elevar og føresette

Tips ein ven Skriv ut