Så,så besten. No må du skjerpe deg. Har du laga middag i dag?

Så,så besten. No må du skjerpe deg. Har du laga middag i dag? Foto: Bjarne Husevåg

Det er ikkje greit når barnebarnet er sjefen.

Etter godt 40 år som lærar, vart han pensjonist. Det varte ein heil sommarferie

Ved Måløy Vidaregåande Skule er vi i den heldige situasjonen at vi har ein del oppegåande pensjonistar som let seg overtale til å fungere som vikarar. Av og til får vi litt morosame tilfeldigheiter som kanskje ikkje alle er klar over. Då ein av dei fast tilsette vart sjuk, vart pensjonisten Nils Hamre henta inn som vikar. Men det var få som ante at med dette grepet, så vart Nils assistent i matematikk i 1NAA, og der var barnebarnet til Nils, Amalie,  matematikklærar. Tilpassingsdyktig som Nils er, let han ikkje 50 års aldersforskjell, og bestefarsstatus, bety noko for samarbeidet.

I dei tider Nils kom til Vågsøy Ungdomsskule på byrjinga av 1970 talet, var dessutan fleire av dei noværande kollegaene elevane hans i matematikk og geogrsfi. At Nils hadde eit spesielt forhold til Knutsen og Ludviksen, (som budde i ein tunell), skyldast vel  hans interesse for geologi. Uansett naut vi elevane godt av det. No er det han sjølv som er blitt "Bestefar Knutsen som spelar tuba". Noko han forresten har gjort sidan han kom til Måløy og starta i Måløy Musikklag.

Sjølv rektor hadde ein kommentar då ho overrekte blomster til Nils på skuleavslutninga. «No er eg komen ut av teljinga med kor mange gonger vi har takka deg for innsatsen etter at du vart pensjonist»

Kollegiet ved Måløy Vidaregåande Skule takkar og Nils for innsatsen, og håper at vi får høve til å hauste av hans allsidige kunnskap i åra framover.

Tips ein ven Skriv ut