Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde ny skulebåt

Illustrasjonsbilde ny skulebåt

Då er det avgjort; Fylket byggjer nytt opplæringsfartøy

Under sak 55/18 i Fylkestinget i dag vart det eit einstemmig vedtak om at Sogn og Fjordane Fylkeskommune skal byggje nytt opplæringsfartøy.

Gleda var stor ved skulen, og rektor Åsta Navelsaker Røed seier at no er pengane bevilga, og arbeidet med å realisere nybygget vert no ei prioritert sak for skulen.

Fartøyet vil avløyse Skulebas, og bety at både elevar og lærarar får eit moderne fartøy som stettar dei krava som ein bør stille til eit slikt opplæringsfartøy.

Tips ein ven Skriv ut