Måløy vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Bygg- og anleggsteknikk
Byggfag

Byggfag

Bygg- og anleggsteknikk

Elevane på bygg- og anleggsteknikk har aktive og lærerike dagar både inne og ute, som legg grunnlag for fleire yrkes- og utdanningsvegar.

Bygg- og anleggsteknikk er eit yrkesfag, og Måløy vidaregåande skule tilbyr:

Opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut som lærling etter 2 år, eller du kan velje påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet. Vidare utdanning, t.d. ved fagskule, kan du starte på etter avlagt fagbrev eller du kan velje Y-vegen til høgare utdanning.

Les meir om bygg- og anleggsteknikk og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no

Kvifor velje dette faget og vegen vidare:
Fordi godt handtverk alltid lønner seg. . Vi treng difor praktiske og kreative ungdommar som vil ta del i å bygge landet vidare. Byggenæringa har eit stort behov for faglært kompetanse og det er mange vegar for dei som ønskjer å gå vidare. Det er 33 fag som rekrutterer frå VG 1 Bygg- og anleggsteknikk. Dei vanlegaste yrka frå Vg2 Byggteknikk er tømrarfaget og betongfaget. I tillegg kan du velje stillasbyggarfaget og murarfaget. Etter tida på skule er du attraktiv for læretid og tilsetting i næringslivet både til lands og offshore. Pass berre på at du gjer ditt beste på skulen og held deg unna ugyldig fråvær.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Helge Hjertenes
Avdelingsleiar
helge.hjertenes@sfj.no
481 58 528

Relaterte lenker