Måløy Vidaregåande Skule

Måløy Vidaregåande Skule

Avslutning for avgangselevane.

Skuleåret er omme, og førebels er det stillheit og ro som herskar på skuleområdet.

Den siste månadane har vore hektiske, ikkje berre med eksamensavvikling, men og med utflytting frå B- og C-fløyen grunna ei storstila ombygging og modernisering av undervisingslokala i desse to bygga. Dette arbeidet tek til i løpet av sommaren. Før skuleslutt var elevar og tilsette installerte på modulskulen som stod att etter at Vågsøy Ungdomsskule flytta ut, og den skal være base for mykje av undervisinga fram til jul 2019.

Så langt viser den interne oversikta at eksamensresultata ligg om lag på snittet dei siste åra, det vil sei at våre elevar ikkje har dårlegare snitt enn andre elevar i Sogn og Fjordane, heller motsett.

Totalt vart om lag 140 elevar ferdig med vidaregåande opplæring ved Måløy Vidaregåande Skule. Desse er fordelt med om lag 90 innan Yrkesfaga, 30 innan Studiespesialisering og 18 elevar med både eit yrkesfag og spesiell studiekompetanse (YSK-gruppa). Desse elevane er no klar for vidare studiar. I YSK gruppa vil dessutan elevane gjere seg ferdig med fagprøvane innan sitt fagområde før september.

Som avslutning på skulegangen vart difor avgangselevane, tradisjonen tru, inviterte til avslutningsmiddag og overrekking av vitnemål. To flott samlingar i kantina ved skulen der både administrasjonen og tilsette deltok saman med dei elevane som var tilgjengelege.

Under er det samla nokre bilete frå avslutningsfestane.

 

Rektor Åsta Navelsaker Røed

leia avslutninga

 

 

 

 

 

 

Yrkesfaga samla

 

 

 

 

 

 

 

Barne- og Ungdomsarbeidarar

 

 

 

 

 

 

 

 

Fiske og Fangst og

Akvakultur

 

 

 

 

 

Byggteknikk

 

 

 

 

 

Kokk og servitør

 

 

 

 

 

 

Køyretøy

 

 

 

 

 

 

 

Matrosar

 

 

 

 

 

 

 

Motormenn

 

 

 

 

 

 

 

Studiespesialisering og

YSK gruppa samla

 

 

 

 

 

4. året YSK

 

 

 

 

 

 

 

 

 

3. året Studiespesialisering

 

 

 

Alle foto: Alf Reidar Myrstad

Tips ein ven Skriv ut