Ny rektor ved Måløy vgs
Aasta N R
Åsta Navelsaker Røed er tilsett som rektor ved Måløy vidaregåande skule. Ho tek til i stillinga 1. august 2016.
2016.07.08 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
God sommar!
Sol
Vi ønskjer elevar, foresatte og samarbeidspartnarar ein riktig god sommarferie. Avganselevane ønskjer vi lykke til med vidare skulegang og karriere.

Inntaket til skuleåret 2016/17 sendast ut på sms 5. juli. med svarfrist 14. juli. 8. august tek skulane over inntaket.

1. skuledag etter ferien er 15. august.
2016.06.18 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Fiskeri og akvakultur ved Måløy vidaregåande skule
Måndag 7. og tysdag 8. mars var team Naturbruk ved Måløy vidaregåande skule så heldige å få besøk av elevar frå Selje, Vågsøy og Gloppen ungdomsskule. Dei fekk eit innblikk i kva det vil seie å vere elev ved Måløy vgs, Naturbruk blå line.
2016.03.11 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Kurs for våre elevar på Helse oppvekst og Barne- og ungdomsarbeider
Fiskesprell
Tysdag 23. februar hadde vi Fiskesprellkurs med Gry Tokvam. Fiskesprell er eit nasjonalt kosthaldprogram som har som mål å auke sjømatkonsumet blant born og unge.
2016.03.02 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE, EIN SKULE MED EIT BREIDT TILBOD
Måløy
Elevtilbodet på yrkesfag ved Måløy Vidaregåande Skule vert kjenneteikna av ei utval av utdanningsretningar som tek i vare tradisjonane og oppfordrar til den nyskapinga som kystsamfunna i Sogn og Fjordane er tufta på og skal bygge framtida på.
2016.02.25 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Ledig stilling
Vi har ledig stilling som driftsteknikar (vaktmeister) frå 01.04.16, med søknadsfrist 14.02.16. For meir info les her.
2016.02.02 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Søknad til vidaregåande opplæring skuleåret 2016-2017
Vigo1
Søknadsfristen for søknad til vidaregåande opplæring er 1. mars.
Du kan no søkje vidaregåande opplæring på vigo.no.
2016.01.05 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
God jul og godt nytt år !
god jul
Vi takkar for godt samarbeid i 2015, og ynskjer elevar, samarbeidspartnarar og tilsette ved Måløy vidaregåande skule ei riktig god jul og eit godt nytt år !
Første skuledag etter juleferien vert 4. januar.
2015.12.18 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Framflyt - 12. januar 2016
Framflyt
Årets næringslivskonferanse nærmar seg. Vi får over 200 besøkande elevar frå Selje, Stadtlandet, Bremanger og Vågsøy Du finn informasjon på nettsida til Framflyt, www.framflyt.no. Du kan og følgje Framflyt på instragram og facebook.
2015.12.11 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Facebook
Facebookbilde
Følg oss gjerne på facebook, der deler vi nyhende og bilete frå kvardagen ved skulen vår.
2015.12.11 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Open skule 7. og 8. november.

I høve den tragiske trafikkulykka der to av elevane våre omkom blir det open skule laurdag 07.11 frå kl 13.00. Skulen er open for alle som ønskjer det. Ressurspersonar vil vere til stades for oppfølging.Det blir og open skule søndag frå kl 18.00 og utover.

2015.11.06 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Hospitering 26. og 27. oktober 2015
Vilbli
Vi ynskjer årets 10. klassingar velkomne til Måløy vgs på hospitering. Program for dagen vil variere på dei ulike programområda. Sjekk programmet, da du der vil finne informasjon om ev. utstyr du treng til dei ulike dagane.
2015.10.22 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Kontaktinformasjon
info

Måløy vidaregåande skule : tlf nr. 57 63 79 00
Sikkerheitssenteret: tlf.nr. 97 11 99 99
Fagskulen i Sogn og Fj., maritim avdeling Måløy: tlf. nr. 41 53 06 90
2015.09.11 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Valmåling
Valg info
Klassa som har sosialkunnskap har gjennomført ei spørjeundersøking i samband med valtorget og skuledebatten. Dei ønska å finne ut om valtorget og debatten hadde innverknad på kva elevane ville ha stemt på.
2015.08.26 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Velkomen til eit nytt skuleår!
Back to school
Vi ynskjer gamle og nye elevar velkomne til skuleåret 2015/16 .

Første skuledag er måndag 17. august.
Oppmøte kl. 0830 i samfunnshallen.
2015.08.10 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Tidsplan for ordinært inntak, skuleåret 2015/16
Vigo1
07. juli, melding blir sendt til alle søkjarane - første inntak
15. juli, svarfrist første inntak
31. juli, melding om andre inntak med svarfrist 05. august.
10. aug., skulane tek over inntaket
2015.06.15 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Elev-pc kan bestillast allereie no
pc’er
Skal du byrje på vidaregåande skule til hausten?
Då treng du ei berbar datamaskin frå første skuledag. For å få maskina til skulestart, må du bestille den innan 3. juli.
2015.06.15 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
TIP på bedriftsbesøk
1tpa 2015 16
10. juni var Vg1-elevane på Teknikk og industriell produksjon (TPA og TPB) vore på bedriftsbesøk på Eid hos Vest Auto og Statens vegvesen. Dette var ein inspirerande dag for både elevar og lærarar.
2015.06.10 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Ekskursjon til Bremuseet
1 STA har vært på geografi-ekskursjon til Bremuseet i Fjærland. Vêret var godt, og dei hadde ein kjekk og lærerik tur. Elevane fekk sett museet si flotte interaktive utstilling og hadde ein guida tur i området for å sjå på landskap forma av isen. Liten tvil om at vi bur i Norges flottaste og mest interessante fylke!
2015.06.10 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
2STA på besøk med LocalHost
Localhostlogony
Elevar frå 2STA besøkte i dag bedrifta LocalHost der dei fekk møte adm.direktør Sindre Kvalheim. Han helt eit foredrag om LocalHost og mange av dei andre bedriftene som er i Vågsøy. Elevane går Vg2 studiespesialisering og har økonomistyring på timeplanen.
2015.05.28 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Kjekt besøk frå Skavøypoll barnehage
Tidleg i mai hadde vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag besøk av 19 ivrige, nysgjerrige og glade barn med personale frå Skavøypoll barnehage.
2015.05.28 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Har du søkt læreplass ?
info

Når du har fått læreplass må du gi melding til Opplæringsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dersom du ikkje har fått læreplass innan 1.juni må du og gi tilbakemelding..Skjema som skal nyttast ved tilbakemelding finn du på neste side.
2015.05.21 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Sommarskule
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Mo og Øyrane vidaregåande skule arrangerer sommarskule på Mo i veke 26 og 27 – for deg som treng bestått matematikk eller naturfag på vg1-nivå yrkesfag.
2015.05.20 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Gratulerer, Jan Erik Hauge, med plass på kokkelandslaget!
kokkhauge
Vi er SUPERSTOLTE over vår tidlegare elev Jan Erik Hauge. Årleg kjem han tilbake til Måløy vgs enten som gjestekokk, eller for å jobbe med backstage servering på Malakoff saman med våre elevar. No blir han å sjå i kokke-OL og kokke-VM.
Gratulerer, Jan Erik Hauge, med plass på det Norsk kokkelandslaget!
2015.03.07 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Har du søkt vidaregåande utdanning ?
Vigo1
Fristen for å søkje opptak til vidaregåande skule er 2. mars 2015. Skal du søkje høgare utdanning, fagskule eller høgskule, er fristen 15. april.
Ta kontakt med ein rådgjevar ved skulen om du treng hjelp til å søkje.
2015.02.10 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Hospitering for 9. klasse skuleåret 2014/15
Tema utdanning
Måløy vidaregåande skule ønskjer 9.klasse hjarteleg velkomne til hospitering 9. og 10.mars. Elevane kan hospitere på dei ulike programområda vi tilbyr.
2015.02.10 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Festmåltid for verdsmeisteren
Kokkelue
Elevar frå Vg2 Kokk- og servitørfag fekk vere med å lage festmåltid for verdsmeisteren Ørjan Johannessen. Sindre Oksholen og Merete Haugland har vore på utplassering, og tidlegare elev Simon Rundereim er lærling på Bekkjarvik Gjestgiveri.
2015.02.07 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Fornøyd med konferansen
Leder for ungdomsbedriften Framflyt, Christiane Sæbøe Strand, sier seg godt fornøyd med gjennomføringen av konferansen som er ment å skulle orientere ungdom om mulighetene for jobb og utdanning lokalt.
2015.02.02 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Søking til vidaregåande opplæring 2015-2016
Vigo1
Du kan no søkje vidaregåande opplæring til skuleåret 2015-2016 gjennom www.vigo.no. Det er laga ei søkjarhandbok som inneheld nødvendig informasjon om søking og inntak til vidaregåande opplæring i skule og i bedrift.
2015.01.06 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Adventsfest for personar med utviklingshemmingar.
Torsdag 04.12.14 arrangerte 1TAF og 2TAF-helse ein adventsfest for personar med utviklingshemmingar.
2014.12.15 av Inger Vedvik Nygård [Les meir...]
Google søk:
Finn nettbanken din :
Film

Film om Måløy vgs